Below is the text of the page https://p3.no/vidunderbarn/ stored 2022-08-23 by archive.org.ua. The original page over time could change. View as original html

p3.no » Vidunderbarn

nrk.no [https://nrk.no] Radio Serier Musikk Filmpolitiet Meninger Urørt Spillelister Podkast NRK Mp3 Følg oss Instagram Facebook Snapchat Youtube Flickr Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3. The Kid Laroi - Live, Stavernfestivalen Vidunderbarn The Kid Laroi stilte med ein oppvisning i scenetekke på Stavernfestivalen. Publisert 09.07.22, kl 07:00 . / Oppdatert 12.07.22, kl 10:26. Del på Facebook Del på Twitter Send med epost Sjur Systad Tyssen Journalist Då dei fleste av oss var 18 år var det mest definerande i livet å vere snikforelska i Linn i C-klassen, terpe på nærteknikk i håp om å kome på fotballandslaget eller å høyre på halv-obskur indierock og kjenne seg eit kulturelt steg over alle sine likemenn. Så er det som regel nokon som skal overgå ein då. Den australske og emosjonelle rapparen The Kid Laroi er knapt myndig, men turnerer allereie verda over utan å ha gitt ut eit ordentleg album. Ikkje minst var fjorårets meir poppa sidesprang «Stay» ein hit av den storleiken som er med å definere poplandskapet, og for dei yngre av oss ein betydeleg del av livet deira. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3 Sjølv når du ser til dei største namna i musikkhistoria er det å lage ein låt av såpass betydning noko dei aller færraste oppnår. Tar eit enormt løft Han byrjar å bli ein svært rutinert konsertartist den unge Laroi, og det viser seg tydeleg gjennom dei første fire-fem låtane han opnar settet med på Stavernfestivalen. Kanskje i overkant rutinert, og medan han har publikum med seg, tar det litt tid før ein verkeleg ser artisten bak musikken. Mykje går på automatikk der han står nokså einsleg, men komfortabelt på scena. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3 Den følsame emo rap-sjangeren fordrar at ein leverer det med ein overbevisande grad av innleving og genuinitet. Og i den grad Laroi strevar med noko, er det innleiingsvis å gi tyngde når «Not sober» set han på kveldens første prøvelse. Dette viser seg å handle meir om å bli varm i trøya enn at The Kid Laroi arbeider på rutine. For om lag halvvegs i settet løftar han seg enormt, og då er det ingen veg tilbake. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3 Låtar som «So done» og «Thousand miles» leverast med brillians og sjølvtillit, og om berre han kunne haldt dette nivået i opninga ville vi ha snakka om ein klokkeklar toppkarakter. Når heile publikum ropar «Fuck Torvald!» i solidaritet med ei dumpa jente på fremste rad før «Fuck you, goodbye», er det eit faktum at publikum og The Kid Laroi spelar på lag og er saman om å gjere dette til ein kveld å hugse. Stakkars Torvald. Eit eksempel på korleis det skal gjerast Ein kan sjølvsagt diskutere linjer som «can’t make a wife out of a hoe», men den samlande allsongen står langt i høgare kurs enn diskusjon om politisk korrekt innhald når «Without you» rundar av ein svært gledeleg kveld. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3 The Kid Laroi utklassar ikkje berre sine jamaldrande på Stavernfestivalen, men gir også artistar med langt meir fartstid ein solid leksjon i sjarm og scenetekke. LES FLEIRE ANMELDELSAR: – Det perfekte punktum – Godt for sjela – En grov forbrytelse – Tøyens stolthet – Viktigast for publikum – Altoppslukende SISTE FRÅ P3.NO: – Da jeg var 14 år, mistet jeg håret. Jeg ble livredd Mens andre 20-åringar flyttar heimanfrå, er Marie «fengsla» på barnerommet – Eg ville bevise at eg kunne få til alt Det kan være slitsomt å være en overtenker – Kamelen har tatt på Ballinciaga-maske, og det kler ham Kontakt Direkte til P3: p3@nrk.no Musikktips: musikkprodusenterP3@nrk.no Kontakt NRK: 23 04 70 00 Besøk Oslo: Bjørnstjerne Bjørnsons Plass 1, Marienlyst ( kart ) Trondheim: Otto Nielsens veg 2, Tyholt ( kart ) Følg oss Opphavsrett NRK © 2022 Redaktør P3: Camilla Bjørn Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen Kontakt NRK Om NRK Personvern Informasjonskapsler (cookies)